Memento Mor di

01. august 2025
kl. 19:00
Kjøp billett

Valdres Historielag og Valdresmusea inviterer til teater på Trykkeriet og open dag på museet. 

«Memento Mor di» er eit musikalsk teater om dei som reiste frå alt; somme med hjarta fylt av eventyrlyst, andre av sorg, somme med bitterheit. Alle med håp. I stykket møter vi Marit og Gul. Dei kjem frå kvar sin utkant i Valdres og møtest på Bragernestorget våren 1851. Vi følgjer dei eit stykke på reisa over eit hav av draumar og kanalar av tvil, der døden rår seg sjølv og livet lever. Teateret blir framført av Åsgårdsreia teaterlag og er del av 200-årsmarkeringa for den fyrste utvandringa til Amerika.

Ope museum og etterpålag

Stad: Valdres Folkemuseum

Klokkeslett: Ope museum heile dagen, omvising frå klokka 16.00, etterpålag straks etter teateret.

Gratis! Museet har ope heile dagen og er gratis for dei som har kjøpt billett til teaterforestillinga. Klokka 16.00 kan du vere med på omvising i friluftsmuseet dersom du ynskjer det. På museet blir det òg lagersal der du kan kjøpe historiske tidsskrift frå historielaget sitt rikhaldige boklager.

Straks etter teaterforestillinga inviterer vi til teaterfest i festsalen på museet og samtale med dei dyktige folka i Åsgårdsreia teaterlag: Cato Skimten Storengen, Anne Heidi Kvam Hillestad, Kasper Dyve, Alice Gudheim og Ragnhild Lund. Vi spanderer majel, kaffi og kake. Etterpålaget er gratis, men for ordens skuld ber vi om at du melder deg på til: info@valdres.museum.no. Merk e-post med «Memento Mor di» - påmelding til etterpålag. Frist er måndag 28. juli.