Ingvild Bryn om livet i Dagsrevyen

16. april 2026
kl. 19:00
Kjøp billett

Bryn har arbeidd i NRK sidan 1984. Ho har vore utanrikskorrespondent i Stockholm og Washington, og i 1992 vart ho programleiar i Dagsrevyen. Me kan rekne med å høyre mange interessante historier og anekdotar frå dei 40 åra ho har vore i NRK. Dessutan har ho mangt å fortelja om korleis det har vore å vera nynorskfugl i bokmålsland.

Ingvild Bryn er også ein habil pianist og vil spela for oss i Trykkeriet denne kvelden, både til lytting og til allsongen.

Kaffi, te og kaker er inkludert i inngangsprisen.

Alle er velkomne!

Arrangør: Nord-Aurdal Mållag, Ranheimsbygde bygdekvinnelag, Ulnes bygdekvinnelag og Åbjør bygdekvinnelag